Kaki, kakifrukt eller kakiplomme er gule eller raude bær som kan minna om tomatar. Dei er også kjende under namna persimon og den særskilde typen sharon.
mini|venstre|Kakitre med frukt. Kakitreet kjem frå Aust-Asia og høyrer til ibenholtfamilien, og frukta har vore mykje dyrka i Kina, Korea og Japan. Det blir også dyrka i California, middelhavslanda og i høgareligande tropiske område.
Kakiplommer inneheld opptil 20 % sukker, mykje A-vitamin, noko kalium og C-vitamin.
Kakifrukt blir ofte hausta umogen, og inneheld då mykje garvesyre som gjev ein beisk smak. Ho kan mognast i romtemperatur, og går då frå å vera gule og sure til å vera raude og søte. Fruktkjøtet er saftig og kan minna om gelé. Kakifrukt held seg ikkje så lenge, og blir ofte tørka.
Sharon-typen inneheld ikkje garvesyre, og kan dermed etast utan ettermogning. Denne frukta blei utvikla i Israel og har namn etter Sharon i Israel.
Kjelder
«Sharon» ved frukt.no
Bakgrunnsstoff PERSIMMON ved crfg.org
Kategori:Frukt Kategori:Austasiatisk mat Kategori:Plantar i Kina Kategori:Plantar i Japan