Matyra (russisk Маты́ра) er ei elv i Tambov og Lipetsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Voronezj frå venstre i nedslagsfeltet til Don. Elva er 180 km lang og har eit nedslagsfelt på .
Byen Grjazi ligg ved Matyra.
Elva får stort sett tilførsel frå snøsmelting. Matyra frys til i november eller tidleg i desember og vert isfri att i slutten av mars eller byrjinga av april. Elva har ei middelvassføring på 11,7 m³/s målt 39 km frå munningen.
I 1976 vart det bygd eit reservoar i elva for å gje vatn til Novolipetsk metallurgiske verk.
Ei av sideelvane til Matyra er Lukavka.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Матыра (река)» frå , den 30. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Lipetsk oblast Kategori:Elvar i Tambov oblast