Boomerang er ein norskspråkleg fjensynskanal for barn som sender animasjons- og teiknefilmar heile døgeret, både klassiske og moderne seriar. Kanalen tilhøyrer amerikanske Turner Broadcasting System, som er ein del av mediekonsernet Time Warner. Boomerang var opphavleg eit segment på systerkanalen Cartoon Network, men debuterte som eigen fjernsynskanal den 1. april 2000. I Noreg er Boomerang tilgjengeleg hjå betaltv-leverandøren Canal Digital.

Bakgrunnsstoff

Heimesida hjå Cartoon Network

Kategori:Barne- og ungdomskanalar Kategori:Fjernsynstasjonar med norsk tale Kategori:Skipingar i 2000 Kategori:Fjernsynskanalar frå USA