Toropa (russisk Торо́па) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Daugava frå høgre. Elva er 174 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 14 m³/s.

Elva spring ut nær landsbyen Toropatsa i Valdajhøgdene. Elva er islagd frå midten av desember til tidleg i april. Ved elva ligg byen Toropets.

I den øvre delen av elva renn ho gjennom mange innsjøar. Dei største av desse er Iasi og Kudinskoje. Seinare renn ho òg gjennom to store innsjøar, Solomennoje og Zalikovskoje.

Elva er mykje nytta av turistar for rafting.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Торопа (река)» frå , den 2. november 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Tver oblast