Brekke kyrkje er ei langkyrkje frå 1862 i bygda Brekke ved Risnefjorden i Gulen kommune i Vestland. mini|venstre|Detalj av alterskapet med Maria og Jesusbarnet i kirkesamlingen Bergen museum, De kulturhistoriske samlingene mini|Alterskapet nå i kirkesamlingen Bergen museum, De kulturhistoriske samlingene Dette skal vere tredje kyrkja i bygda, og dagens kyrkje erstatta ei trekyrkje som vart riven etter at nykyrkja stod ferdig. Det har vore kyrkje på staden sidan 1590, før den tida låg det ei stavkyrkje på garden Haugland på hi sida av Storelva.
Kyrkja vart ført opp etter teikningar av arkitekt Christian Heinrich Grosch og har altertavle måla av Anders Askevold.
Brekke kyrkje er soknekyrkje for Brekke sokn i Nordhordland prosti.
Tilkomst til staden er via Fylkesveg 1.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder
«Brekke kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Bakgrunnsstoff Om Brekke sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Johannes J. Takle, Bodil Bjørlo Takle og Signe Sandberg: «Brekke kyrkje» på nettstaden scandion.no
Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Gulen Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Gulen Kategori:1862 i Noreg