Den mongolsk-mandsjuriske sletta eller Den mongolsk-mandsjuriske steppa er ei temperert grasslette i Mongolia og Nord-Kina.

Sletta dekkjer eit område på 887 300 km². Økoregionen dannar ein stor boge rundt Gobiørkenen og strekkjer seg over sentrale og austlege område av Mongolia og inn i austlege område av Indre Mongolia, austlege og sentrale område av Mandsjuria og så sørvest over Den nordkinesiske sletta. I nordaust og nord ligg Selenge-orkhon-skogssteppa og Den dauriske skogssteppa og dannar ein overgang mellom grasslettene i sør og skogane i Sibir i nord. I aust og søraust glir sletta over i temperert lauvskog, inkludert Dei mandsjuriske blandingsskogane, Den nordaustkinesiske skogssletta og Den sentralkinesiske blandingsskogen. I sørvest strekkjer sletta seg til Huang He.

Klima Sletta har hyperkontinentalt tørt klima eller halvtørt klima, med BSk etteer Köppen si klimaklassifisering og Dwa eller Dwb heilt i aust. Regionen har varme somrar med minkande nedbør frå aust til vest, i lag med kalde, ekstremt tørre vintrar. Denne relative tørre tilstanden, som kjem frå ein kombinasjon av å ligga i innlandet og nærleiken til Sibirhøgtrykket, gjer at berre visse dyr kan leva her.

Flora mini|venstre|Tre på den mongolske sletta i juni 1997. Den dominerande floraen er halvhøgt til høgt grass, dominert av fjørgrasslekta (Stipa baicalensis, S. capillata og S. grandis), sauesvingel (Festuca ovina), Aneurolepidium chinense, Filifolium sibiricuman og Cleistogenes sqarrosa. I dei tørrare områda rundt Gobi veks tørketolerante grasslag, blomar og låge, tornete buskar.

Dei sørvestlege fjellsidene til Da Hinggan har lommar av lauvfellande skog av anten mongol-eik (Quercus mongolica) eller ei blanding av poppel (Populus davidiana og P. suaveolens), bjørka Betula platyphylla og selje (Salix rorida).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mongolian-Manchurian grassland» frå , den 4. november 2008.

Kategori:Sletter i Kina Kategori:Sletter i Mongolia Kategori:Grassletter i Russland