Frelsaren Kristus-katedralen (russisk Хра́м Христа́ Спаси́теля, Khram Khrista Spasitelja) er ein katedral i Moskva i Russland. Ho ligg ved Moskvaelva og er den høgaste russisk-ortodokse kyrkja i verda.
Katedralen vart innvigd ved kroninga av tsar Aleksander III i 1883. Etter Oktoberrevolusjonen vart det derimot avgjort at tomta skulle nyttast til eit nytt palass til ære for sovjetarane, og katedralen vart riven. Det vart aldri noko av palasset, og tomta vart i staden nytta til eit symjebasseng.
Like før Sovjetunionen fall vart det avgjort at katedralen skulle byggast opp att. I 2000 stod den gjenoppbygde katedralen ferdig.
Galleri
Bakgrunnsstoff Nettside med detaljar og bygningen og rekonstruksjonen
Kategori:Kyrkjer i Moskva Kategori:Skipingar i 1883