mini|Grava til Hauk og Per Aabel på Vestre gravlund i Oslo
Hauk Erlendssøn Aabel () var ein norsk skodespelar og visesongar som vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1934 og som òg fekk Kongens fortenestmedalje i gull.
Han var son av legen og høvesdiktaren Andreas Aabel (1830—1901) og debuterte på Christiania Theater i 1897, men slo først igjennom 1899 på Sekondtheatret med den storkomiske, lettbeinte og dumlystige antikvitetshandlaren Snild i Gustav Wied sin Erotik. 1900—1904 var han knytt til Nationaltheatret, frå 1904 til Centraltheatret, der han som den naive bondeguten Ola Lia forma ein populær figur.
I 1917 byrja Hauk Aabel å spele i stumfilmar i Sverige. Han vendte så tilbake til Noreg i 1927, der han deltok i fleire filmar, den siste i 1939, som far til Tutta Rolf i den svenske filmen Valfångare.
Hauk Aabel var far til den populære skodespelaren Per Aabel (1902–99).
Filmografi Troll-Elgen (1927) i rolla som direktør Piper. Den store barnedåpen (1931) i rolla som kyrkjetenar Evensen (første norske lydfilm). En Glad gutt (1932) i rolla som Ola Nordistua. Jeppe på bjerget (1933) i rolla som Jeppe. Du har lovet mig en kone! (1935) i rolla som professoren. Morderen uten ansikt (1936) Ungen (1938) I rolla som Krestoffer.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Ballade.no om Hauk Aabel
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Førde Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Skodespelarar frå 1800-talet Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet