Leopold II Maximilian, fyrste av Anhalt-Dessau () var ein tysk fyrste frå Huset Askanien og herskar i fyrstedømet Anhalt-Dessau. Han var òg ein general i Preussen.
Han var den andre sonen av Leopold I av Anhalt-Dessau, som vart kalla «Gamle Dessauer» (der alte Dessauer) gjennom den morganatiske kona hans Anna Louise Föse.
Liv Berre ni år gammal vart Leopold med far sin i militærteneste i den prøyssiske hæren. I 1715 fekk han tittelen oberstløytnant som leiar av Infanteriregiment nr. 27 av Stendal. I 1733 leia han dei prøyssiske styrkane ved byen Mühlhausen i Thüringen under den første schlesiske krigen.
Då den eldste broren, arvefyrsten Vilhelm Gustav, døydde i 1737, vart Leopold den nye arvingen til Dessau. Vilhelm Gustav var då alt gift og hadde ni born, men kona var ikkje adeleg og på grunn av dette vart han nekta etterfølgjar. Etter at faren døydde i 1747 arva derfor Leopold Anhalt-Dessau.
Leopold var ein av dei beste underordna generalane til Fredrik II og skilde seg ut med å erobre Glogau i 1741, og for dugleiken han viste som leiar i slaga ved Mollwitz, Chotusitz (der han vart Generalfeldmarschall på slagmarka), Hohenfriedberg og Soor.
Leopold var gift med Gisela Agnes og til saman fekk dei sju born, mellom anna Leopold III Fredrik Frans, som etterfølgde faren som fyrste av Anhalt-Dessau.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Leopold II, Prince of Anhalt-Dessau» frå , den 13. november 2008.
Bakgrunnsstoff Kategori:Huset Askanien Kategori:Prøyssarar i den austerrikske arvefølgjekrigen