mini|venstre|Detalj av portalen frå den nedblesne Tønjum stavkyrkje. No teken vare på på museum. mini|venstre|Kyrkja var tidlegare kvit.
Tønjum kyrkje står i bygda Tønjum i Lærdalen, i Lærdal kommune i Vestland og er frå 1832.
Ho er i tre og har ei slags mellomform mellom krosskyrkje og langkyrkje.
Ein trur ho fekk denne utforminga for at ho skulle kunne tole vinden på staden. Den førre kyrkja, som var ei stavkyrkje frå 1200-talet, bles nemleg ned i 1823. Grunnen til at det tok ni år frå dei miste gamlekyrkja til den nye vart bygd var at soknepresten meinte at ny kyrkje skulle byggjast midt i bygda. Sjølv om så godt som alle var usamde med han, sette han seg so på bakbeina at det ikkje vart bygd noko ny kyrkje før etter at han var død i 1831. Ein veit ikkje kven som har teikna kyrkja.
Kyrkja er soknekyrkje i Tønjum sokn i Sogn prosti. Prestegarden ligg nordvest for kyrkja.
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Tønjum kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Tønjum kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Tønjum kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av Tønjum kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Lærdal Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1832 Kategori:Kulturminne i Lærdal