Ząbkowice Śląskie (tysk Frankenstein) er ein by i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen. Han er sete i Ząbkowice Śląskie fylke og Gmina Ząbkowice Śląskie.
Byen ligg om lag 63 km sør for regionshovudstaden Wrocław.
Historie Byen vart grunnlagd som Frankenstein tidleg på 1200-talet, etter mongolinvasjonen, og fekk bystatus rundt 1280. Sidan 1336 høyrte han til Böhmen og frå 1742 til Preussen.
mini|venstre|«Det skeive tårnet» i Ząbkowice Śląskie.
Tidleg på 1600-talet vart byen råka av pest og ein tredjedel av innbyggjarane mista livet. Det har vorte spekulert i om hendingar på denne tida kan ha inspirert til soga om Frankenstein.Nettside som skildrar hendingane som kan ha inspirert Mary Shelley og romanen hennar.
I 1858 vart han råka av ein bybrann og måtte byggast opp att. Ved dette høvet vart den øvre delen av Det skeive tårnet frå 1400-talet retta opp. Byen var fylkessete frå 1816 til 1945. Etter den andre verdskrigen gjekk byen til Polen (i lag med det meste av Schlesien) og fekk namnet Ząbkowice Śląskie i 1946 etter den tyske folkesetnaden hadde flykta eller vart kasta ut.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ząbkowice Śląskie» frå , den 29. november 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Zabkowice Slaskie Kategori:Nederschlesiske voivodskap