Fyrstedømet Smolensk (seinare Storfyrstedømet Smolensk) var ein del av Kievriket mellom 1000- og 1400-talet. Det gjekk i arv frå storfyrsten Jaroslav I av Kiev fram til 1125, då Vladimir Monomakh døydde og barnebarn et hans Rostislav Mstislavitsj vart sett inn, medan faren Mstislav I Vladimirovitsj vart overkonge i Russland. Fyrstedømet fekk sitt eige bispedømet, bispedømet Smolensk i 1136.

Det vart etterkomarane av Rostislav som styrte fyrstedømet fram til 1400-talet. Smolensk hadde sterkare band til Vesten enn dei andre russiske fyrstedøma. Fyrstedømet bestod av mang viktige byar, mellom Brjansk, Vjazama og Mozjaisk. Fyrstedømet kom gradvis under Litauen på 1300-talet og vart fullstendig innlmma på 1400-talet. Etter unionen mellom Litauen og Polen kom det inn under Det polsk-litauiske samveldet og vart Smolensk voivodskap. På 1600-talet utløyste russarane «Smolenskkrigen» for å ta tilbake området, og sjølv om dei tapte krigen, fekk dei kontroll over Smolensk i 1654.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 30. november 2008. oppgav desse kjeldene: Franklin, Simon og Shepard, Jonathan, The Emergence of Rus, 750-1200, (Longman History of Russland, Harlow, 1996) Martin, Janet, Medieval Russland, 980-1584, (Cambridge, 1995)

Kategori:Tidlegare slaviske land Kategori:Kievriket