13. desember er den 347. dagen i den gregorianske kalenderen (348. under skotår). Det er 18 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det maltesiske flaggetRepublikkens dag på Malta

Religiøs helgedag Luciadagen i den katolske kyrkja og den ortodokse kyrkja Festdag for heilage Herman av Alaska i den ortodokse kyrkja

Primstaven

Lussimesse, Lucianatta. Markert med lys, bål eller beger. Lussinatta var i folketrua den lengste og mørkaste natta i året. Ho var fylt av uhygge, og frå denne dagen og fram til jul var dei underjordiske og alt trollpakk ute. Dei 12 neste dagane gav varsel om veret for dei neste 12 månadane. I dag skulle alt grovarbeidet vera unnagjort før jul.

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja Lucia av Syrakus

Hendingar

Utlandet mini|Gråtande barn i eit øydelagd Nanjing. 1570: Den nordiske sjuårskrigen blei avslutta med freden i Stettin. 1642: Abel Tasman oppdag New Zealand. 1937: Japanske styrkar inntok Nanjing, som blei skodestad for grufulle ugjerningar i dei neste tre månadene. 1981: General Wojciech Jaruzelski innførte unntakstilstand i Polen. 1996: Kofi Annan frå Ghana blei vald til generalsekreterær i SN.

Noreg 1903: Seks menneske omkom i ein brann ombord i rutebåten «Orion» på Finnmarks-kysten. 1963: Stortinget set ned den militære fyrstegongstenesta frå 15 til 12 månader.

mini|Ludvig Holberg. Måleri av Jørgen Roed. Fødde

1521: Pave Sixtus V 1533: Kong Erik XIV av Sverige 1553: Kong Henrik IV av Frankrike 1684: Ludvig Holberg, norsk-dansk forfattar 1797: Heinrich Heine, tysk diktar 1816: Werner von Siemens, tysk ingeniør, oppfinnar og industrialist. 1867: Kristian Birkeland, norsk fysikar 1887: George Polya, ungarsk-amerikansk matematikar 1911: Trygve Haavelmo, norsk økonom og nobelprisvinnar. 1915: Magne Skodvin, historikar 1919: Arild Haaland, filosof 1942: Arne Treholt, byråkrat, politikar og spion

Døde

1204: Maimonides, jødisk teolog og filosof 1466: Donatello, italiensk målar 1603: François Viète, fransk matematikar 1837: Heilage Herman av Alaska 1904: Johannes Nilsson Skaar, norsk biskop 1944: Vasilij Kandinskij, russisk målar 1947: Nicholas Roerich, russisk målar og kulturforskar 1961: Grandma Moses, amerikansk målar 1965: Jens Hundseid, norsk statsminister