Birger Anneus Hall () var ein norsk prest og forfattar.

Han var fødd i Vefsn som son av Hans Hall og Paulina Irgens Holboe Stoltenberg, og bror til presten Anton Christian Hall. Frå 1902 var han tredjeprest ved Trefoldighetskyrkja i Kristiania. Seinare vart han sjømannsprest og forfattar av oppbyggelege småskrift. I 1914 vart han sokneprest på Ila i Trondheim. Han vart gift fyrste gong på Hamar 11. desember 1883 med Ellen Falk (1862–1910), annan gong 16. mars 1912 med Augusta Jacoba Klem (f. 1868).

Verk Kirkeklokken: Aandelige sange for hjemmet, opbyggelige møder, feste, Ungdomsforeninger, kvindeforeninger o.s.v. Salmebok med mellom anna 31 nynorske salmar, 30 av desse er av Elias Blix, og for fyrste gong namngjev ei salmebok Blix som forfattar av salmane. Bibelske spor i Palæstinas naturforhold, folkeliv og fortidslevninger, 2 bd., 1892–93.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Birger Anneus Hall» frå , den 2. desember 2008.

Bakgrunnsstoff Blix-salmer i Kirkeklokken

Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Vefsn