Riksveg 150 (Rv150), på trafikkskilta kalla Ring 3, går mellom vegkrysset Ulvekrysset med vegen Ulvensplitten på Ulven i Bydel Bjerke i Oslo og Lysaker i Bærum på grensa til Oslo. Ring 3 dannar eit samband mellom Europaveg 18 og Europaveg 6 utanom bykjerna, og er ein sterkt trafikkert stamveg med to gjennomgåande felt i kvar retning. Tidlegare vart Ring 3/riksveg 150 rekna heilt frå Ryenkrysset på Ryen i Oslo, der Europaveg 6 gjekk over i Ring 3, men strekninga mellom Ryen og vegsystemet Ulvensplitten er no vorte ei strekning av Europaveg 6 i staden. Denne strekninga av tidlegare ring 3 er ein naturleg del av Eurpaveg 6, til liks med sjølve Ulvensplitten, ved at Europaveg 6 sør og nord for Oslo vert knytt saman over denne strekninga. mini|venstre|200px|Skiltinga av Ring 3 Rikveg 150 er berre skilta som Ring 3, ikkje med riksveg-skilt med riksvegnummeret. Ofte vert vegen berre kalla Store ringvei i daglegtale, som var namnet på vegen før ringvegane i Oslo vart nummererte. No er Ring 1 den ringvegen som går som gjennomfartsåre i sjølve bykjerna, med Ring 2 som den neste og Ring 3 lengst utanfor. Alle desse tre ringvegane dannar eigenleg bogar kring bykjerna, ikkje i ringar.

Sjølv om ring 3 er ein samanhengande veg, er han likevel samansett av strekningar som har fått sine eigne namn. Heile traséen frå Ryenkrysset, inklusive den parten som no er Europaveg 6: Adolf Hedins vei - Hjalmar Brantings vei - Lørentunnelen - Storoveien - Rolf Wickstrøms vei - Tåsentunnelen - Kaj Munks vei - Torgny Segerstedts vei - Viggo Hansteens vei - Ullernchausséen - Granfosstunnelen.

Stekninga frå Lysaker og Fornebu til Ryen

Tjernsmyr (Lysakerkrysset) Granfosstunnelene Granfosstunnelen vest (1019 m)

Mustadkrysset Granfosstunnelen aust (1179 m) Ullernchausseen Ullern (berre vestgåande) Arm til Vækerøveien Bekkefaret, Ullern

Smestadkrysset / Smestadtunnelen (501 m) Slemdalsveien, berre frå aust Bomstasjon Store Ringvei v/Gaustad, berre i austleg retning

Universitetskrysset

Sognsveien

Bergkrysset, berre frå vest Tåsentunnelen (1284 m) Maridalsveien, berre frå aust Nydalsbrua (ca. 110 m) Betzy Kjelsbergs vei/Sandakerveien, Nydalen

Storokrysset / Storotunnelen (136 m) Lørentunnelen Sinsenkrysset Sinsenveien, Løren Hjalmar Brantings vei Økernkrysset Hovin (Ulvenkrysset) Rv150 sluttar nær Valle Hovin, Ring 3 langs E6 vidare til Ryen

Adolf Hedins vei Teisenkrysset (berre austgåande) Tvetenveien Østensjøveien (berre vestgåande) Brynstunnelen (240 m) Ryen (Ring 3 er skilta til Ryen og deler trasé med E6 frå Ulven)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Riksvegar Kategori:Vegar i Akershus Kategori:Vegar i Bærum Kategori:Ringvegar i Oslo