Marit Bjørgen () er ein norsk langrennsløpar, som med åtte gull-, fire sølv- og tre bronsemedaljar er tidenes mestvinnande vinterolympiar. Ho er fødd i Trondheim og voks opp på Rognes i Midtre Gauldal kommune.

Ho er den som har vunne flest VM-medaljar i langrenn med 26 medaljar, 18 av dei gullmedaljar: Ein frå 2003, tre frå 2005, fire frå 2011, fire frå 2013, to frå 2015 og fire frå 2017.

Bjørgen blei kalla «VM-dronninga» av Oberstdorf i 2005 med tre gull, ein sølv og ein bronse. Etter svake resultat i meisterskapa i 2006, 2007 og 2009 blei ho «OL-dronning» i OL 2010 i Vancouver med tre gull, ein sølv og ein bronse. Bjørgen blei dermed den tredje norske utøvaren gjennom tidene og den første sidan 1924 med fem medaljar i eitt og same OL. Både i VM 2011 og 2013 tok Bjørgen fire gull og ein sølv. Også i OL 2014 i Sotsji tok Bjørgen tre gull.

Bjørgen har vunne verdscupen samanlagd fire gonger, sprintverdscupen fire gonger og distansecupen to gonger. Ho er med sine 112 sigrar den langrennsløparen i verda som har vunne flest verdscuprenn individuelt. Ho har også 29 verdscupsigrar i stafett og vunne 24 norske meisterskap i langrenn. Ho vann Tour de Ski 2014/15.

Bjørgen er sambuar med den tidlegare kombinertløparen Fred Børre Lundberg. Dei har to barn.

mini|Marit Bjørgen vann gullmedalje under Vinter-OL 2010.

Idrettskarriere Som barn dreiv Marit Bjørgen allsidig idrett – langrenn, fotball og handball. I langrenn var Idar Terje Belsvik trenar og smørjar for henne frå ho var ni til ho byrja på juniorlandslaget. Bjørgen likte å trene hardt, og hevda seg godt i aldersbestemte klasser. Første gongen ho ikkje vann eit skirenn var ved ei tevling i Funäsdalen då ho var i 14–15-årsalderen. Ho kom med på juniorlandslaget i 1998,Adresseavisen, 22. januar 2011 og som attenåring vann Bjørgen kvinneklassen i det 56 km lange Rensfjellrennet i 1999. Ho debuterte i verdscupen som nittenåring 27. desember 1999 i Engelberg med ein 39. plass i et sprintrenn. I 2000 gjekk ho på det norske laget som tok VM-gull i lagtempo på rulleski.Norsk skigull i sommervarmen. vg.no (31. august 2000)

Inn i verdseliten (2002–2005)

Bjørgen fekk gjennombrotet sitt i seniorklassen då ho kom på tredjeplass på 5 km klassisk under NM på Steinkjer i 2001. Dette førte til at ho blei teken ut på det norske laget under VM 2001 i Lahtis. Ho blei teken opp på Norges Skiforbund sitt elitelag i 2001.

På sprinten i Düsseldorf 26. oktober 2002 vann ho sitt første verdscuprenn. Etter dette blei ho raskt ein av verdas beste sprinterar. Bjørgen tok tre verdscupsigrar i sprintrenn i sesongen 2002/2003, og ho vann sprintverdscupen denne sesongen. Ho vann sprintøvinga under VM i 2003, og blei tildelt Olavstatuetten i 2003. I sesongen 2003/2004 kom ho på andreplass i verdscupen samanlagt. Etter kvart blei ho også betre på lengre distansar, og vann sitt første verdscuprenn i distanselangrenn i Gällivare 20. november 2004. På landslaget var Svein Tore Samdal trenaren hennar.VG 27. februar 2010

Allereie 6. mars 2005, med 4 renn att av sesongen, blei Marit Bjørgen kåra til vinnar av verdscupen i langrenn. Dette vart klart etter verdscupstemnet i Lahti der ho ikkje deltok grunna sjukdom. Kristina Šmigun på andre plass var så langt bak at ho ikkje hadde moglegheit til å inn att det tapte før sesongslutt. Den store leiinga i verdscupen gjorde at Marit Bjørgen var storfavoritt på fleire distansar før ski-VM i Oberstdorf i 2005 og innfridde favorittstempelet ved å blant anna ta gull på 30 km klassisk, ein distanse som ikkje har vore rekna blant hennar sterkaste. Same året blei ho tildelt Aftenpostens Gullmedalje.

Sjukdom og nedturar (2006–2009) Vinteren 2006 var ho i storform, men influensa øydela oppkjøringa mot OL i Torino. OL vart eit stor vonbrot for Bjørgen, og ho måtte dra heim med berre éin medalje (sølv på 10 km klassisk). Til NRK uttalte ho at ho gledde seg til å dra heim frå «hølet» Pragelato. Enkelte meinte at ho ville få problem med å koma seg att, mellom anna på grunn av ein kraftig knekk i sjølvtilliten. Likevel vann ho allereie det første verdscuprennet etter OL, Vasaloppet for kvinner på 45 km klassisk, og dét over eit og eit halvt minutt før den næraste konkurrenten, Hilde Gjermundshaug Pedersen. Ho gjorde det bra i og vann verdscupen også denne sesongen.

Nyttårsaftan 2006 vann Bjørgen det aller første rennet, sprint fristil, i nyskapinga Tour de Ski. Trass i at ho blei nummer to i verdscupen, blei også 2007 eit skuffande år for Bjørgen. Ho vann to verdscuprenn, men var ikkje i form under VM i Sapporo og kom heim utan individuelle medaljar. Etter eitt år med Egil Kristiansen som landslagstrenar blei Svein Tore Samdal i 2007 hyra inn som personleg trenar for Bjørgen.

Før sesongen 2007/2008 virka Bjørgen å vera tilbake i form. Ved verdscupopninga på Beitostølen vann ho sin første verdscupsiger i eit distanseløp i fristil. Den 2. desember vann ho 10 km klassisk i Kuusamo, hennar 30. verdscupsiger totalt. I Tour de Ski gjorde ho det bra i byrjinga og leia, men ho blei sjuk, og måtte avslutte touren. Ho gjekk dermed glipp av alle verdscupspoenga ho såg ut til å vinne i dei første løpa. Dette øydela sjansen hennar til å vinne verdscupen, men ho gjennomførte ei brukbar sesongavslutting med andreplass på dobbel jaktstart i Falun, og tredjeplass på 10 km klassisk fellesstart i verdscupfinalen i Bormio. Ho kom på 11. plass i verdscupen til slutt. Dei dårlige resultata førte til debatt om Bjørgen sine treningsmetodar.Samdal får skylda for Bjørgen-svikt. dagbladet.no (2. februar 2008)Bjørgen og Skofterud skværet opp nettavisen.no (1. februar 2008)

Sjølv om målet for sesongen 2008/09 var å vera i toppform under VM i Liberec, blei sesongen lik den føre. Bjørgen var i toppform i starten av sesongen og så gjekk det nedover etter jul. Ho tok fire pallplasseringar i verdscupen før jul, to i Tour de Ski, men ingen etter nyttår. Dei beste verdscupplasseringene var to andreplassar, bak Charlotte Kalla på 10 km fristil under opninga i Gällivare og bak Virpi Kuitunen på 10 km klassisk i Oberhof i Tour de Ski. Like før VM blei ho sjuk, og for første gong sidan VM i Lahtis i 2001 ende ho utan medaljar. Fjerdeplass på stafetten blei beste resultat. Under VM i Liberec innsåg Bjørgen at ho måtte kutta ut den harde bolktreninga fordi det blei for tungt å ta seg inn igjen etter dei harde periodane. Ho blei nummer ti i verdscupen samanlagd denne sesongen.

Gullsesongen 2009/2010 mini|venstre|Marit Bjørgen på veg mot gull på 15 km dobbel jaktstart under OL i Vancouver 2010. Forsesongen Ved byrjinga av OL-sesongen 2009/10 var Marit Bjørgen igjen i godt slag, med OL som det store målet. Før sesongen endra ho treningsopplegget sitt, arbeidde med å koma over vonbrotet i fortida og prioriterte balanse-, koordinasjons- og teknikktrening. Ho gjekk inn til suveren seier på begge distansar under den nasjonale opninga på Beitostølen, og i verdscupopninga same sted vann ho 10 km fristil, den første verdscupsigeren hennar på nesten to år. Til gjengjeld vann ho med heile halvminuttet til svenske Charlotte Kalla, medan Anna Haag blei nummer tre.

Etter å ha stått over renna i Kuusamo, presterte Bjørgen godt i dei renna som var igjen før jul. I Düsseldorf blei ho nummer åtte på sprinten, og på 10 km fristil i Davos blei ho nummer fire. På sprinten i fristil same helg tok ho andreplass, før ho vann den klassiske sprinten i Rogla etter å ha spurtslått polske Justyna Kowalczyk på oppløpet. Det var hennar første verdscupsiger i sprint på tre år, og den første i klassisk på heile fem år. Etter ein andreplass på 15 km klassisk, fellesstart kunne Bjørgen ta juleferie med den gule leiartrøya i behald.

Bjørgen mista verdscupleiinga sidan ho ikkje deltok i Tour de Ski, men ho var tilbake med ein andreplass bak Kowalczyk i det første rennet etter touren. Distansen var 10 km klassisk og gjekk i estiske Otepää.

OL i Vancouver Under OL i Vancouver gjekk Bjørgen inn til bronse på den innleiande øvinga 10 km fristil, bak Charlotte Kalla og Kristina Šmigun-Vähi. 17. februar 2010 blei ho olympisk meister på sprint klassisk. Ho gjekk raskast i prologen og vann både sitt kvartfinale- og semifinaleheat. I finalen gjekk ho inn til ein klar siger framføre Justyna Kowalczyk og Petra Majdič. Bjørgen blei dermed den andre norske kvinna som tok olympisk gull i individuelt langrenn, den første var Bente Skari i OL 2002 i Salt Lake City. Noreg hadde dessutan to stafettgull frå før, i 1968 og 1984. 19. februar gjekk Bjørgen inn til OL-gull nummer to då ho vann 15 km dobbel jaktstart (fellesstart med skibytte) med 8,9 sekunds margin til Anna Haag, med Justyna Kowalczyk på bronseplass.

Bjørgen tok sitt tredje OL-gull 25. februar då ho gikk ankeretappen for det norske laget på 4 × 5 km stafett. Vibeke Skofterud, Therese Johaug og Kristin Størmer Steira var dei andre på vinnarlaget. 27. februar tok Bjørgen sølv på 30 km klassisk, berre ein meter bak Justyna Kowalczyk. Dermed tok Marit Bjørgen i alt tre gull, ein sølv og ein bronsemedalje under OL i Vancouver. For tredje gong klarte ein norsk utøvar å ta fem medaljar i eitt og same OL: Den første var skyttaren Otto Olsen som tok tre gull og to sølv under Sommar-OL 1920 i Antwerpen og den andre var skøyteløparen Roald Larsen som i Vinter-OL 1924 tok to sølv og tre bronse. For sine framståande prestasjonar under OL blei Bjørgen tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Prisen blei overrekt på regjeringsfesten for dei OL-akkrediterte 17. april 2010.

I sesongen 2009/2010 hadde Bjørgen løyve til å bruka eit legemiddel mot astma med eit verkestoff som stod på WADA si liste over forbodne substansar, også etter siste revisjon frå 1. januar 2010. Eit slikt løyve kan ein få etter søknad om medisinsk fritak frå dopinglista.Søknadsformular i norsk versjon fra Antidoping Norge, besøkt 28. februar 2010 Bjørgen blei kritisert av Justyna Kowalczyk for dette.NRK: «Kowalczyk gjentar Bjørgen-kritikk» besøkt 27. februar 2010/ Kowalczyk meinte det burde opprettast ei felles legeordning for alle langrennsløparar i verda med astma.Dagbladet:«Hvis Norge ikke har noe å skjule, burde de ikke bry seg», besøkt 27. februar 2010 Bjørgen fortalde at ho hadde fått astmamedisinen godkjend av ein spesialist.Dagbladet: «Alt startet da Marit sa jeg ikke fortjente medaljen», besøkt 27. februar 2010 Det er i dag mykje vanlegare med astma hjå toppidrettsutøvarar enn i befolkninga elles.«Astma hos idrettsutøvere» , informasjonsartikkel frå Norsk helseinformatikk i samarbeid med Antidoping Norge, henta 28. februar 2010

Sesongavsluttinga Etter dei olympiske leikane var Bjørgen utan sjanse til å vinna verdscupen samanlagd, men ho presterte likevel godt. I Lahtis vann ho dobbel jaktstart med omtrent same margin som i Whistler, 10 sekund. ho gjekk også siste etappe på det norske stafettlaget som vann verdscupstafetten same stad. Bjørgen fortsette på medgangsbølgja og vann også den klassiske sprinten i Drammen. Finske Saarinen og Muranen tok resten av pallplasseringane i nemnde rekkjefølgje.

I Holmenkollen 13. mars vann Bjørgen 30 km fellesstart framfor Kristin Størmer Steira og Therese Johaug. For første gong på 25 år blei det tredobbelt norsk resultat i verdscupen i kvinnelangrenn. Gongen før var òg i Holmenkollen, 16. mars 1985, då det blei firedobbelt med Anette Bøe, Grete Nykkelmo, Brit Pettersen og Anne Jahren. Under Holmenkollarrangementet tildelte Skiforeningen Bjørgen Holmenkollmedaljen. I grunngjevinga frå juryen heiter det at «Marit Bjørgen tildeles medaljen for sine topprestasjoner over tid og sin evne til å kjempe seg tilbake til toppen etter formsvikt». 14. mars gjekk Bjørgen inn til sin fjerde strake verdscupsiger då ho vann sprint fristil i Holmenkollen.