Athens er ein by i den amerikanske delstaten Georgia med eit areal på 306,2 kvadratkilometer og eit folketal på 175 085 (2006). Om lag 27 prosent av folkesetnaden i byen er afroamerikanarar. Av folkesetnaden lever om lag 29 prosent under fattigdomsgrensa.

Byen, som vart grunnlagt i 1801 som plass for University of Georgia, ligg i den nordaustlege delen av delstaten, om lag 65 kilometer frå grensa til Sør-Carolina og om lag 100 km aust for delstatshovudstaden Atlanta. På midten av 1800-talet vart byen kalla for Den sørlege Manchester på grunn av dei mange bomullsveveria.

I 1990 gjekk Athens og Clark County saman i éi felles administrativ eining.

Kultur Byen er kjend for å ha eit veletablert musikkliv og spesielt på slutten av 1970-talet og tidleg på 1980-talet kom fleire nye store band fram, mellom dei R.E.M., The B-52’s og Love Tractor.

Folk frå Athens Kim Basinger, skodespelar Madeleine Peyroux, songar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Athens, Georgia» frå , den 12. desember 2008.

Kategori:Byar i delstaten Georgia Kategori:Busetnader grunnlagde i 1801