mini | høgre | 250px |Elvebreidda nær byen Boca Manu. Madre de Dios er ei elv i Amazonasbassenget og ei sideelv til Beni. Ho er omtrentleg 1 150 km lang og er ein vassveg i to land, i søraustre del av Peru og nordvestre Bolivia.

Geografi

Elva vert til i austsida av Cordillera de Garabaya, Andes i grenseområdet mellom regionane Cuzco og Madre de Dios. Ho strekkjer seg ca. 640 kilometer gjennom peruansk territorium i regionen med same namn som elva. På grensa mot Bolivia, ikkje langt frå Puerto Heath, har grenseelva Heath utlaupet i Madre de Dios. Frå denne staden held ho fram 510 kilometer gjennom Boliva fram til byen Riberalta der ho tømmer seg i Beni. Beni held fram mot Brasil kor ho får namnet Madeira, ei av dei store sideelvane til Amazonaselva.

I regionen Madre de Dios er elva Madre de Dios ein vektig vassveg, og spesielt for Puerto Maldonado, den største byen i regionen og regionshovudstad. Ved byen går det føre seg bygging av ei bru over Madre de Dios med ei lengd på ca. 720 meter.

Av dei største verksemder ved elvebreidda er gullvasking, mangodyrking, anna selektivt jordbruk og tømmerhogst. Verksemdene kan utgjere miljøproblem. I Peru ligg elveleiet på grensa mot fleire nasjonalparkar og reservat, spesielt Tambopata-Candamo nasjonalpark, Manu nasjonalpark og Bahuaja Sonene naturreservat.

Sideelver Madre de Dios har sjølv mange sideelvar, dei mest vektige er Manú, ei elv frå Manu nasjonalpark som har utlaup i Madre de Dios nær byen Manu. Inambari, ei sideelv med lengde 390 km. Som Madre de Dios har Inambari kjelder frå austsida av Andes, men lengre sør. Ho passerer byen Belem og tømmer seg i Madre de Dios nær byen med same namn, Inambari. Tacuatimanu, òg kalla Rio de Las Piedras, er ei sideelv frå nord og nordvest med ei total lengd på 640 km. Ho går gjennom byen Las Piedras og tømmer seg i Madre de Dios ved Puerto Maldonado. Tambopata er ei anna sideelv som møter Madre de Dios ved Puerto Maldonado. Ho kjem frå sør med ei total lengd på 350 km. Ho går gjennom byen San Rafael Heath er ei grenseelv mellom Peru and Bolivia. Sena er ei sideelv i Bolivia som passerer nær byen Sena.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Río Madre de Dios» frå , den 14. desember 2008. oppgav desse kjeldene:  

R. Ziesler and G.D. Ardizzone, 1979, The inland waters of Latin America

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Peru Kategori:Elvar i Bolivia Kategori:Madre de Dios-regionen