«I dag er fødd ein frelsar stor» er eit preikestolvers skrive av Birgitte Cathrine Boye i 1778 som «Os er i Dag en Frelser fød», og omsett av Elias Blix i 1902.

I 5. utgåva av Nokre Salmar står salmen under tittelen «I Dag er fødd ein Frelsarmann», i lag med andre preikstolvers, med overskrifta Jolevers.

Salmen er med i Guldbergs salmebok og vart uforandra teken opp i Landstads Kirkesalmebok. I Norsk Salmebok står han både på nynorsk (nr 48) og bokmål («En frelser er oss født i dag», NoS nr 47).

Birgitte Cathrine Boye skreiv høgtidsvers for alle dei største heilagdagane, og vert difor kall kvinna med høgtidsversa. Juleverset vert i mange kyrkjer sunge medan presten står på preikestolen på juledagen, og høgtidsverset etter B.C: Boye har teke over frå det eldre juleverset «Et lidet barn så lystelig».

Både Boye og Blix viser til melodien «Av høyheden opprunden er» («Or høgdi ned i verdi skin»), ein melodi skriven av Philipp Nicolai i 1599.

Bakgrunnsstoff: Salmebloggen til Leif Haugen

Kjelder: Kristen sang og musikk Runa forlag 1962 J.N. Skaar: Norsk Salmehistorie b. I og II, F. Beyers forlag, Bergen 1879-80 Elias Blix: Nokre Salmar 5. auka utgaava Kristiania 1918

Kategori:Julesongar Kategori:Salmar frå 1700-talet Kategori:Elias Blix