mini|296x296px|Den lokale gruppa av galaksar. Mjølkevegen og Andromeda er dei klårt mest massive galaksane. (Klikk for å forstørre) Den lokale gruppa er ein liten galaksehop med meir enn 54 galaksar, som Mjølkevegen høyrer til. Dei fleste av galaksane er dverggalaksar. Tyngdepunktet i hopen ligg ein stad mellom Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Den lokale gruppa dekkjer ein diameter på 10 millionar lysår og er fordelt binært (som ein manual). Galaksane i hopen er bundne saman av gravitasjon, slik at dei i motsetning til andre, meir fjerne galaksar, ikkje er på veg vekk ifrå kvarandre. Sjølve gruppa er ein del av den større Jomfru-superhopen.

Dei to mest massive medlemmane i gruppa er Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Desse to spiralgalaksane har kvar sine system av satellittgalaksar. Triangelgalaksen, er den tredje største og einaste ustripete spiralgalaksen i den lokale gruppa. Det er usikkert om denne følgjer Andromedagalaksen eller ikkje. Dei magellanske skyene ligg òg i gruppa.

Kart

Sjå òg Galaksehop

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Local Group» frå , den 23. mai 2016. Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Local Group» s.232 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.

Bakgrunnsstoff

The Local Group of Galaxies, SEDS Messier

Kategori:Galaksehopar

Kategori:Jomfru-superhopen