mini|Fylkesveg 613 går gjennom Holsen. Holsen er ei bygd i Sunnfjord i Vestland. Ho ligg ved Holsenvatnet, aust i kommunen, og er gjennomskoren av Fylkesveg 613. Bygda går lokalt i Førde også under namnet Holsa.

I bygda ligg Holsen kyrkje, ei trekyrkje frå 1861, og Holsen skule, som i 2003 hadde 25 elevar.

Historie I 1847 gjekk det eit jordras på Holsen der fire menneske omkom.

Holsen som etternamn

Det er om lag 400 som har Holsen som etternamn i Noreg (2006).

Bakgrunnsstoff Førde kommune om Holsen Holsen kyrkje på nrk.no Skular i Førde på nrk.no (kjelde for elevtal)

Kategori:Busetnader i Sunnfjord Kategori:Bygder i Vestland Kategori:Norske slektsnamn