Dagfrid er eit kvinnenamn, samansett av ledda dag og frid, jf norrønt fridr, som tyder vakker.

Dagfrid har namnedag i Noreg den 2. januar.

Bruken av namnet i Noreg Namnet er nylaga på 1800-talet. Den første kjende namnebæraren var Dagfrid Begljot Sæther i Kristiania, fødd 1880. Namnet har aldri vore spesielt mykje bruka, og det har vorte sjeldnare dei siste tiåra.

I folketeljinga i 1801 vart ingen listeførte med dette namnet.

I teljinga frå 1900 var det 22 personar som heitte Dagfrid og ei som heitte Dagfrida.

I 2008 var det 233 som hadde Dagfrid til første fornamn

Kjende namneberarar Dagfrid Kolås, norsk forfattar Dagfrid Hammersvik, norsk annonsesjef og leiar for Fagpressens markedsforum Dagfrid Enga Fenstad (f. 1949), norsk forretningskvinne og forfattar

Kjelder Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav