«Gamleåret seig i hav» er ein nyårssalme skriven av Elias Blix.

Med fyrstelina «Gamleaaret seig i Hav» stod salmen alt i første heftet av Nokre Salmar (1869), som nummer to,Blixblogg 13.11.03 den gongen med sju vers.

Salmen står med fem vers i Norsk Salmebok på nummer 85, under bolken «Nyårsdag». Salmen er inspirert av dei fyrste kapital i Fyrste mosebok, og denne tidlege Blix-salmen brukar det poetiske verkemiddelet som vart eit særkjenne for Elias Blix, kontrasten lys – mørker. Blixblogg 5.8.03 I tilknyting til nyårsdagen som Jesu namnedag, tar salmen opp lyset som ligg i Jesu namn.

Melodien I dei fyrste utgåvene av Nokre Salmar er melodireferansen «Rind nu op i Jesu Navn», i utgåva frå 1891 er det vist til melodien «Saligheten er oss nær». I Norsk Salmebok er desse to salmane begge oppførte med ein melodi av Ludvig M. Lindeman, komponert i 1863.

Bakgrunnsstoff Teksten i tre utgåver

Referansar

Kategori:Elias Blix Kategori:Salmar frå 1800-talet Kategori:Nyttår