Celina Midelfart () er ein norsk næringslivsleiar og investor fødd i Oslo.
Familie
Midelfart blei fødd i Oslo som dotter av forretningsmannen Finn-Erik Midelfart (1943–95) og sosionomen Hermine Kristin f. Muhle (f. 1944).
Ho stammar frå Hans Christian Ulrik Midelfart, som deltok på riksforsamlinga på Eidsvoll og var medlem av konstitusjonskomiteen.
Utdanning
Midelfart er utdanna ved Oslo katedralskole, London School of Economics 1994–96 () og Stern School of Business ved NYU i New York med BSc Summa Cum Laude innan finans i 1998.
Ho hadde også eitt år ved gourmetskulen Cordon Bleu i Paris.
Forretningar
Familien Midelfart har eigd eit internasjonalt kosmetikkonsern sidan 1923. Då far hennar Finn Erik Midelfart døydde i 1995, arva Celina familiebedrifta saman med stemora si Tove Kvammen og systera si Hermine Midelfart. I staden for å selja gjekk alle tre inn i aktivt eigarskap. Celina Midelfart blei som arbeidande styreleiar i investeringsselskapa Midelfart Capital AS og Pescara AS, sistnemde systera sitt selskap, i 1996. Frå 1999 var Celina Midelfart administrerande direktør i Midelfart Holding AS, eit privat forvaltningsselskap som er morselskapet i Midelfart-gruppa.
I 2006 blei Midelfart AS og svenske Wilh. Sonesson AB samde om ein fusjon, der Midelfart Holding selte den norske eigenpleieverksemda si til det svenske selskapet for 425 millionar kroner og samtidig plikta seg til å kjøpe seg opptil 27,1 prosent i det fusjonerte selskapet.
Middelfart har vore partnar i Magnipartners Ltd, der ho arbeidde aktivt innan offshore boring og LNG-sektoren. Sidan 2015 har ho hatt større eigarposisjonar i ulike børsnoterte selskap innan offshore olje, service og forsyning. Ho er i dag styremedlem og eig 10 % av den svenske forbrukarbanken Avida AB, medlem av styret ved Oslo International School og styremedlem i SEA 1 Offshore. Ho har tidlegare sete i styret for verdas største oppdrettsselskap, Mowi ASA, og det svenske helse- og skjønnheitskonsernet Midsona AB.
Kjelder
Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Oslo