Aksum eller Axum er ein by nord i Etiopia som ligg ved Adoua-fjella. Byen var senter for kongedømmet Aksum som oppstod rundt år 1 og gjekk under på 1100-talet.
mini|venstre|Aksum-obelisken.
Ein del av det som står att etter kongedømmet i Aksum er geez-språket og arkitektonisk kunst, slik som Aksum-obelisken.
mini|Paktark-kyrkja i Aksum.
Den etiopiske ortodokse kyrkja seier at Maria av Zion-kyrkja i Aksum husar den bibelske paktarken som skal innehalda steintavlene som dei ti bod vart skrivne på. Byen blir rekna som den mest heilage i Etiopia, og mange pilegrimar reiser dit.
75 % av befolkninga i byen er etiopisk-kristenortodokse, medan resten er, sunnimuslimar eller tilhengjarar av P'ent'ay.
Bakgrunnsstoff
ethiopiatravel.com - om Aksum (engelsk) selamta.net - meir om aksum (engelsk) newadvent.org - Aksum i Katolsk leksikon (engelsk)
Kategori:Byar i Etiopia Kategori:Busetnader grunnlagde i første hundreåret Kategori:Skipingar i 1