mini|Skodespelaren Gunn Wållgren som Jeanne d'Arc. Gunn er eit kvinnenamn, av norrønt Gunnr, 'strid'. Det kan også vera eit engelsk etternamn. Gunn har i Noreg namnedag den 9. januar. Skrivemåten Gun har namnedag i Sverige den 1. juni.

I norrøn tid var Gunnr namnet på ei valkyrje.

Ein finn Gunn som del av mange andre namn, som Gunvor, Gunnveig, Gunhilde, Hildegunn og Solgunn.

Bruken av namnet i Noreg Namnet Gunn var lite bruka før andre verdskrigen, men populariteten fekk eit veldig oppsving på 1940- og -50-talet og nådde eit høgdepunkt litt før 1960.

I folketeljinga frå 1801 var det 7 som hadde namnet, i forma Gun , Gund eller Gunn. Dei fleste budde i Hedmark og Buskerud. I 1900 var 29 listeførte med namnet Gun, Gund, Gundd, Gundh, Gunh eller Gunn. I 2008 har 9 321 meninnern Gunn til første fornamn

Kjende namneberarar mini|Gunn Margit Andreassen under OL i Torino 2006 Gunn Wållgren (1913-1983), svensk skodespelar Gun Hellsvik (f. 1942), svensk politikar Gunn Imsen (f. 1946), norsk lærebokforfattar og pedagogikkprofessor Gunn Olsen (f. 1952), norsk politikar (Ap) Gunn Berit Lunde Aarvik (f. 1954), ordførar på Voss (Ap) Gunn Berit Gjerde (f. 1954), norsk politikar (V) Gunn Wærsted (f. 1955), norsk bankdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe (f. 1956), norsk medisinprofessor Gunn Harbitz (f. 1958), norsk kunstnar Gunn Marit Helgesen (f. 1958), fylkesordførar i Telemark Gunn Marit Nilsen (f. 1964), ordførar i Båtsfjord (H) Gunn-Vivian Eide (f. 1964), norsk politikar (V) Gunn Karin Gjul (f. 1967), norsk politikar (Ap) Gunn-Britt Retter (f. 1971), norsk sametingspolitikar Gunn-Rita Dahle Flesjå (f. 1973), norsk terrengsyklist Gunn Margit Aas Andreassen (f. 1973), norsk skiskyttar Gunn Mogseth (f. 1976), norsk skodespelar

Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991

Bakgrunnsstoff

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:kvinnenamn Kategori:slektsnamn Kategori:namnedelar Kategori:namn knytte til strid Kategori:førenamn av norrønt opphav