Atle Grønn () er ein norsk sjakkspelar. Han blei utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 2008.

Atle Grønn har lenge vore over rating-kravet på 2400, og har også hatt tre innteikningar i IM-tittelen ei stund. To av desse turneringane var over 9 rundar, men den tredje var ei lagturnering over 7 rundar. Dermed hadde han IM-resultat på samla 25 parti, medan kravet er 27 parti. Men den 30. mars 2008 klarte han eit 4. IM-resultat, ved å ta 5,5 poeng på 9 rundar i den norske Ishavsserien i sjakk 2007-2008 (eliteserien for klubblag). Atle Grønn vart deretter utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE.

Atle Grønn vart junior-noregsmeister i sjakk i 1987Brekke 2014 s. 299 og vann NM i hurtigsjakk i 1993. Han er medlem i Oslo Schakselskap.

Atle Grønn har vore redaktør av Norsk Sjakkblad. Han er kjend som kommentator i NRK sine sjakksendingar. Sidan 2016 har han skrive sjakkspalta i Aftenposten. I det daglege arbeider han som professor i russisk ved Universitet i Oslo.

Kjelder Norsk Sjakkblad Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014, Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Nokre av Atle Grønn sine parti hos www.chessgames.com - som "Atle Groenn" Atle Grønn sine parti i Noreg hos NorBase Atle Grønn sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk