Trude Teige () er ein norsk journalist, omsetjar, forfattar, programleiar og fjernsynsreporter. Teige debuterte som forfattar med boka Havet syng i 2002. Ho har og jobba som reporter i TV 2 sidan starten. Frå 2008 var Teige programleiar for debattprogrammet Tabloid på same kanal. Ho har også hatt sitt eiget intervjuprogram kalla Trude på TV 2, og jobba som politisk journalist i TV 2 si politiske avdeling.
Trude Teige voks opp på Teigane i Herøy på Sunnmøre, men bur no i Asker. Ho er utdanna fagomsetjar frå Agder distriktshøgskule (no Universitetet i Agder) i Kristiansand og journalist frå England. Ho starta den journalistiske karrieren i Bergens Tidende før ho fortsette i Dagsnytt i NRK Møre og Romsdal. Sidan starten av TV 2 i 1992 har ho jobba som reporter der og har blant anna laga dokumentaren KameratAr.
Ho har skrive to romanar om Kristiane som lever på 1800-talet. Historia er geografisk og historisk forankra i Herøy og handlar blant anna om kor vanskeleg det var å vere einsleg kvinne på den tida. I tillegg har Trude Teige skrive ei kokebok med blant anna oppskrifter frå barndommen i Herøy.
I 2008 vart Trude Teige tildelt KringkastingsprisenMottakarar av Kringkastingsprisen. for nynorskbruk/dialektbruk i media.
Ho har i seinare tid skrive tre krimbøker, og boka Svik blei nominert til Bokhandlerprisen 2012.
Bibliografi 2009 - Noen vet 2002 - Havet syng 2003 - Matminne frå mors kjøkken 2004 - Lene seg mot vinden 2009 - Noen vet 2010 - En hjelpende hånd 2012 - Svik 2014 - Jenta som sluttet å snakke, kriminalroman 2015 - Mormor danset i regnet, historisk roman 2017 - Pasienten, kriminalroman 2019 - Aldri tilgi, kriminalroman 2020 - På åstedet, true-crime 2021 - Morfar pustet med havet, historisk roman 2022 - Løgnere. Aschehoug, Oslo 2022, ISBN 978-82-525-9330-3.
Kjelder
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske forfattarar kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Folk frå Herøy i Møre og Romsdal