mini|Narren Triboulet ved hoffet til Ludvig XII av Frankrike. Narr var ein person som i mellomalderen var tilsett ved kongelege eller fyrstelege hoff og som hadde som oppgåve å finna på tåpelege sprell for å mora kongen og dei andre ved hoffet.

Historie Dei eldste døma på hoffnarrar stammar frå det gamle Egypt. Narreskikken var utbreidd i Europa og Asia, og er i europeisk samanheng særleg knytt til mellomalderen og renessansen. Den typiske narreutsjånaden med fleirfarga drakt og hatt eller hette med bjøller og eseløyre, hanekam eller hanehovud, stammar frå mellomalderen. Ordninga varte ved til 1700-talet, og noko lenger i Russland og Italia.

Galleri

Sjå òg Gjøglar Klovn Komikar Narrespel

Kjelder

Kategori:Underhaldning Kategori:Mellomalderyrke