Spassk-Dalnij (russisk Спасск-Да́льний), nokre gonger kalla Spassk, er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg på slettelandet aust for Khankasjøen, rundt 180 km nord for Vladivostok (avstand med bil 250 km).

Historie Dei første nybyggjarane frå vestlege område av Russland kom til området rundt dagens Spassk-Dalnij i 1885. Dei grunnla landsbyen Spasskoje (fra russisk spas som tyder «frelsar»). Med opprettinga i 1906 av jernbanestasjonen Jevgenjevka på Ussuribanen like ved, vart busetnaden viktigare og i 1917 fekk han byrettar under namnet Spassk.

Under den russiske borgarkrigen var det harde kamper mellom dei kvite og raude armeene ved byen.

I 1926 vart byen slått saman med Jevgenjevka og i 1929 fekk byen det noverande namnet sitt, Spassk-Dalnij (russisk dalni som tyder «fjern» og viser til plasseringa i Russisk fjerne austen, til skilnad frå Spassk i Penza oblast og Spassk-Rjazanskij i Rjazan oblast).

Økonomi og næringsliv Historisk sett vart Spassk-Dalnij danna som eit senter for bygningsindustrien i Primorje, på grunn av reservane av kalkstein, leire og byggesand i nærleiken. Den største verksemda er for tida selskapet Spassktsement, som har vore i drift siden 1907 og som kan produsere opp til 3,5 millionar tonn sement pr år. Sementfabrikken er representert på Spassk-Dalnijs byvåpen.

Andre næringar er maskinbygging og lys- og næringsmiddelindustri. Området rundt Spassk-Dalnij er òg eit av dei viktigaste landbruksområda i Primorskij kraj.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Spassk-Dalnij» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1885