Randabygd kyrkje, tidlegare Randabygd kapell, står i Hopland i Stryn kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1916.
Arkitekt for bygget, som har sitjeplassar til 240 personar, var Jens Sølvberg frå Bryggja.
Fram til dei fekk kyrkja i Randabygda sokna folk i området til Utvik kyrkje og Vereide kyrkje på sørsida av Nordfjorden. Bygda fekk hjelpegravplass i 1910. Kyrkja hadde status som kapell frå ho var ny til 1981. Frå starten til 1967 var området kapellsokn i Utvik sokn i Innvik prestegjeld. I 1967 vart Randabygd kapellsokn overført til Hornindal sokn i Hornindal prestegjeld, og i 1981 vart Randabygd utskild som eige sokn frå Hornindal sokn.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Randabygd sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket «Kyrkjer i Stryn» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Stryn kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Stryn Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1916 Kategori:Kulturminne i Stryn