Bologoje (russisk Болого́е) er ein by og eit jernbaneknutepunkt i Tver oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg 160 km nordvest for Tver.

Grunnlegginga av byen vert rekna til 1495, då han vart nemnt første gong i historiske dokument. Namnet «Bologoye» har opphav i Bologojesjøen like ved byen. I 1851 vart Bologoje ein stasjon på jernbanen Moskva-St. Petersburg. Noko seinare på 1800-talet vart jernbanen Rybinsk – Pskov – Vindava lagt gjennom Bologoje, som dermed vart eit viktig jernbaneknutepunkt. Jernbanerelatert industri har medverka mykje til veksten i byen sidan den gong. Bologoje fekk offisiell bystatus i 1926.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1490-åra