Istra (russisk И́стра) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Istra, 56 km vest for Moskva, ved Moskva – Riga-jernbanen.
Byen vart grunnlagd i 1589 som landsbyen Voskresenskoje. Han fekk bystatus i 1781, og namnet vart samstundes endra til Voskresensk (russisk: Воскресе́нск). I 1930 vart namnet igjen endra, til Istra, etter elva som renn gjennom byen. Som følgje av ein kortvarig okkupasjon av tyske styrkar under den andre verdskrigen vart byen sterkt skadd. Etter krigen har Istra vorte eit forskingsenter innan elektro og kraftforsyning. mini|venstre|Frå Ny Jerusalem-klosteret
Den mest kjende attraksjonen er utan tvil Ny Jerusalem-klosteret (russisk: Новоиерусалимский монастырь, òg kjend som Voskresenskijklosteret.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Istra» frå , den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1589