Tønsberg er ein kommune i Vestfold fylke. Kommunen grensar mot Sandefjord og Larvik i vest, Horten og Holmestrand i nord og mot Færder i i sør. Aust for Tønsberg ligg Oslofjorden, og midtfjords grensar kommunen der mot Moss, Råde og Fredrikstad. Administrasjonssenteret er byen Tønsberg.
Med eit innbyggjartal på 59,174 innbyggjarar per , er Tønsberg den syttande største kommunen i Noreg.
Høgaste punkt er Snippane på 399,6 moh.
Tønsberg by er kjend for Slottsfjellet, eit rikt kulturliv, Statens Park, i tillegg til Sjukehuset i Vestfold. Ein kjem seg til Tønsberg med bil, båt eller tog. Tønsberg er rekna som den eldste byen i Noreg, og her er òg ei av domkyrkjene i landet.
Kjende personar frå Tønsberg Anders Aukland, skiløpar Jon Bing, forfattar, professor Ronny Johnsen, fotballspelar Jahn Teigen, musikar og artist Ivar Christian Johansen (RAVI), programleiar, musikar og artist
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Vestfold