Sim (russisk Сим) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda av elva Sim, 340 km vest for Tsjeljabinsk.
Staden vart grunnlagd i 1759 som Simskij Zavod (russisk:Си́мский Заво́д, tyder 'Sim-fabrikken'), ein busetnad rundt eit jernverk. Byen fekk namnet Sim og bystatus 13. november 1942.
Byen er fødestaden til Igor Kurtsjatov, ein kjend sovjetisk/russisk fysikar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1759