Khvalynsk (russisk Хвалы́нск) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 180 km nordaust for Saratov.

Byen Khvalynsk vart grunnlagd i 1556 som ein russisk utpost på Sosnovyj-øya i Volga. I 1606 vart heile busetnaden flytta til staden der dagens Khvalynsk ligg og vart kjend som Sosnovyj Ostrov (russisk Сосновый Остров, omsett 'Granøya'). I 1780 fekk byen byrettar og nytt namn, Khvalynsk.

Namnet på byen, som det gamle namnet på Kaspihavet, «Khvalynsjøen» er avleidd frå namnet «Khwalis» for innbyggjarane i Khwarizm.

På 1700- og 1800-talet var Khvalynsk kjend som eit lokalt senter for handel med brød og jordbruksprodukt. Han var òg eit av sentera for dei gammaltruande.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Khvalynsk» frå , den 28. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1556 Kategori:Byar ved Volga