Tyrnyauz (russisk Тырныауз) er ein by i Republikken Kabardino-Balkaria i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg i dalføret til elva Baksan i Nord-Kaukasus, rundt 60 km vest for Naltsjik.

Byen vart grunnlagt som ein busetnad ved ei wolframgruve og -foredlingsanlegg, som framleis er hovudarbeidsgjevar i området.

Byen ligg langs hovudruta for klatreekspedisjonar til Elbrus, og er eit viktig forsyningspunkt for turar inn i Elbrus-området.

I juni 2001 vart byen råka av ein kraftig flaum og jordras. Bustadblokker vart gravlagd i gjørme opp til fjerde etasje. Det finst ingen pålitelege tal for kor mange omkomne og skadde det var. Byen hadde i 2004 stort sett kome seg etter skadane, men spora etter raset er framleis synlege.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1934