Pravdinsk er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 4 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Łyna, rundt 50 km søraust for Kaliningrad.

Historie Byen vart grunnlagd i 1312 av Den tyske riddarordenen i Preussen, ved ein vadestad over elva. Med namnet Friedland («fredeleg land») vart byen innlemma i Hertugdømet Preussen etter sekulariseringen av Den tyske ordenen i 1525 og vart ein del av Kongeriket Preussen i 1701 og i Det tyske keisarriket i 1871.

Byen vart erobra av den raude armeen under den andre verdskrigen og vart saman med resten av Aust-Preussen annektert av Sovjetunionen som følgje av Potsdamkonferansen i 1945. Den tyske folkesetanden vart anten evakuert eller utvist. Bynamnet vart endra til Pravdinsk.

Merknader

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Pravdinsk» frå , den 29. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1310-åra