Indoarisk morfologi har opplevd grunnleggjande endringar i løpet av utviklinga si. Det urindoariske språket sanskrit var i høg grad eit syntetisk og flekterande språk med ei komplisert formlære, ikkje ulik latin og klassisk gresk. I løpet av utviklinga av dei mellomindoariske språka skjedde ei tydeleg forenkling av formdanninga. Dei nyindoariske språka har gått over til ein vidtgåande analytisk språkstruktur med agglutinerande innslag. Språktypologisk er dei indoariske språka sterkt påverka av dei dravidiske nabospråka sine.

Substantiv

Substantivmorfologien i sanskrit er kompleks. Sanskrit har bevart alle åtte kasus (nominativ, akkusativ, instrumentalis, dativ, ablativ, genitiv, lokativ og vokativ) og tre numerus (eintal, total og fleirtal) som ein reknar med har vore tilstades i urindoeuropeisk. Etter stammeslutt og kjønn blir substantiv bøygd i ulike deklinasjon (språk)|deklinasjonstypar med ulike kasusendingar. Visse stammar har kvalitativ avlyd, og er dermed høyst variable (for eksempel dannar stamma «far» følgjande former: , , , og ).

I mellomindoarisk blei dette kompliserte systemet forenkla: total forsvann, kasussystemet blei redusert via samanfall av genitiv og dativ, og dei variable konsonantstammene blei gjort om til regelbundne vokalstammer (for eksempel sanskrit «gåande» til pali ), til det i apabhramshafasen berre fanst éin allmen deklinasjonstype att. I det store og heile finst likevel det gamle kasussystemet att i mellomindoarisk, om enn forenkla. Som eksempel har vi deklinasjonen av ordet putra- putta- («son») i eintal i sanskrit, pali og apabhramsha.

KasusSanskritPaliApabhramshaNominativputtuAkkusativputtuInstrumentalis, puttẽ, Dativ()–Ablativ, , puttahi, puttahoGenitivputtaha, puttaho, puttassu, puttasuLokativ, , putti,

Dei nyindoariske språka har derimot endra det grunnleggjande deklinasjonssystemet. Dei flekterande systema i ur- og mellomindoarisk finst berre som restar. Vanlegvis finst berre to primære kasus, medan det sporadisk finst restar av dei gamle kasusa instrumentalis, lokativ og ablativ. Nominativ og akkusativ, som gjennom lydendring fall saman allereie i apabhramsha, blei samanfatta til rektus. I motsats til rektus står som regel eit oblikt kasus (for eksempel hindi «gut», gujarati «hest»). Visse språk som bengali og assamesisk har inga spesiell form for oblikt kasus. Formelt går det oblike kasus som oftast tilbake på genitiv, og har i noko få språk framleis behalden denne funksjonen. I dei fleste språka finst denne likevel ikkje åleine, men blir ytterlegare skild i tydingena ved hjelp av eit system av postposisjonar og sekundære endingar (for eksempel hindi «til guten», gujarati «hesten sin»). Desse endingane går opphavleg tilbake til sjølvstendige ord, men har delvis smelta saman med oblikkasuset til sekundære agglutinerande kasusendingar. Genitivendinga i bengali er kanskje avleidd via partikkelen frå det urindoariske substantivet karya med tydinga «affære».

Fleirtal kan dannast på ulike måtar. For eksempel i hindi skjer dette flekterande, med ei ending som samstundes uttrykker kasus og tal (jamfør nominativ eintal , fleirtal ; obliquus eintal , fleirtal ). Andre språk som bengali bruker derimot agglutinerande fleirtalsending, som òg kan innehalde kasusmarkørar (jamfør nominativ eintal , fleirtal ; objektivt eintal , fleirtal ).

Dei ur- og mellomindoariske språka har dei tre indoeuropeiske grammatiske kjønna hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Blant dei nyindoariske språka blir dette systemet behalde i dei vestlege språka (gujarati, marathi, konkani). I singalesisk finst òg tre kjønn, men der handlar det om eit annleis system, som likt dei dravidiske språka byggjer på animertheit og naturleg kjønn. I dei fleste nyindoariske språk har hannkjønn og inkjekjønn samanfall. Lenger aust er kjønnskategorien mindre utprega. Dei austlegaste språka bengali, assamesisk og oriya har mist det heilt, i likhet med dei dardiske språka khowar og kalasha lengst vest i det indoariske språkområdet.

Verb

Verbet utmerker seg i urindoarisk (endå sterkare i vedisk enn i klassisk sanskrit) gjennom ein stor rikdom av former. Verba blir bøygd i tre personar, tre numerus (eintal, total og fleirtal) og tre diatesar (aktiva eller parasmaipada, medium eller atmanepada og passivum. Tempussystemet har presens, imperfektum, futurum, aorist, perfektum og i vedisk òg pluskvamperfektum. Eigentleg skilte tempusformene for fortid seg i tyding, men no blir dei brukt med same tyding. Den vanlegaste måten å uttrykkje fortid på i klassisk sanskrit er likevel ein nominalsats med perfektum partisipp. Modusane er indikativ, konjunktiv, optativ og imperativ. I tillegg finst fleire aktive og passive partisipp, gerundium, eit infinitiv og eit system av avleidde verb (kausativ, desiderativum, intensivum).

Verba blir delte inn i ti klassar etter presensstammedanning. Hovudskiljet går mellom tematiske verb, som set inn temavokalen a mellom stamme og ending, og atematiske verb, som ikkje gjer det. Imperfektum blir likt imperativ og optativ danna frå presensstamma, mens dei andre tempusformene er uavhengige av presensstamma. Verbalbøyinga i sanskrit er komplisert, og ein bruker regelbundne middel som reduplikasjon og kvantitativ avlyd (- og -stadium (for eksempel dannar ein frå stamma «gjere» forma «gjort», «han gjer» og «han har gjort»).

I dei mellomindoariske språka blei dette systemet forenkla og gjort meir regelbunde. Tempusa for fortid, dersom skiljet allereie i sanskrit blei oppretthalde på kunstig måte, blei erstatta fullstendig med partisippkonstruksjonen. Konjunktiv døydde òg ut, i likheit med medium og dei avleidde verba, med unnatak av kausativ.

Dei nyindoariske språka bruker i tillegg til dei gamle syntetiske formene, som blir bøygd etter person og tal, i større utstrekning partisippformer, som blir endra etter kjønn og tal, og analytiske (samansette) verbformer av partisipp og hjelpeverb. Dei ulike nyindoariske språka er forskjellige i korleis dei bruker desse moglegheitene, noko som blir gjort tydeleg i følgjande jamføring av nokre former av verbet for «å kome» i dei viktigaste nyindoariske språka:

SpråkStammePresens («eg kjem»)Perfektiv («eg kom»)Futurum («eg kjem til å kome»)ā-ātā hū̃ (m.), ātī hū̃ (f.)āyā (m.), āī (f.)āū̃gā (m.), āū̃gī (f.)āu-, āv-, ā-āundā hā̃āiā (m.), āī (f.)āvā̃gā (m.), āvā̃gī (f.)y(i)-, ā-chus yivān (m.), ches yivān (f.)ās (m.), āyēs (f.)ac-, ā-, ī-acā̃ tho (m.), acā̃ thī (f.)āīus (m.), āīasi (f.)īndus (m.), īndīas (f.)āv-āvũ chũāyvo (m.), āvī (f.)ye-, ā-yetõ (m.), yetẽ (f.)ālõ (m.), ālẽ (f.)yeīne-, āv-enavāāvāennamās-āsẽāsiliāsibiāhõāhilõāhimāu-āũchuāẽāunechu

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Indoariske språk» frå , den 31. januar 2009.

Kategori:Indoariske språk Kategori:Morfologi for einskildspråk