Mogotsja (russisk Мого́ча) er ein by i Zabajkalskij kraj i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg der elvane Mogotsja og Amazar, ei sideelv til Amur, renn saman, rundt 460 km nordaust for Tsjita.
Mogotsja vart grunnlagd i 1910 og fekk bystatus i 1950. Mesteparten av folkesetnaden kom frå den europeiske delen av Russland for å arbeide på den transsibirske jernbanen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1910