Olenegorsk (russisk Оленего́рск, tyder 'Hjortefjellet') er ein by i Murmansk oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg 112 km sør for Murmansk.
Jernbane Jernbanestasjonen Olenja (Оленья; ordet er ei adjektiv form av 'hjort') vart opna i 1916 då jernbane vart lagt til Murmansk. Bygningar knytt til stasjonen og den vesle busetnaden som låg her, låg aust for jernbanen. Staden vart noko viktigare i 1930-åra då han vart eit knutepunkt for jernbanelinja som gjekk til den byen Montsjegorsk.
Gruve I 1949 starta arbeidet på ei jerngruve og ein fabrikk for å handsame malmen eit par kilometer vest for Olenja stasjon. Samstundes vart det grunnlagd ein busetnad for arbeidarane i gruva. Den 27. mars 1957 fekk han bystatus og namnet Olenegorsk.
Jernbanestasjonen vart framleis kalla Olenja i mange år før han til slutt fekk namnet Olenegorsk i 1980-åra.
Hovudnæringa i byen er framleis basert på gruvedrifta og det meste vert i dag frakta til Severstal i Tsjerepovets.
Olenja flybase ligg ved Vysoky, eit par kilometer aust for byen, på den andre sida av innsjøen Permusozero.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olenegorsk, Murmansk Oblast» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947