Zelenogorsk (russisk Зеленого́рск, finsk Terijoki ) er ein by i Kurortnyj-distriktet i Sankt Petersburg i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved Finskebukta, rundt 50 km nordvest for sentrum av St. Petersburg.
Historie mini|venstre|Finskebukta ved Zelenogorsk.
Staden Terijoki (opphavleg Tervajoki) høyrte i starten inn under busetnaden Kivinebb, som første gong er nemnt i historiske kjelder i 1445. Fiskarlandsbyen Terijoki har vore kjend sidan 1700-talet.
Etter den store nordiske krigen hamna byen i 1721, saman med Ingermanland, for første gong under Russland. Som ein del av Storhertugdømet Finland låg han under russisk styre heilt fram til slutten av tsarriket. Byen var i denne tida kjend som eit sjøbad og feriestad for dei meir velståande petersburgarane, særskild etter opninga av jernbanen til Viborg. Det er estimert at folkesetnaden i byen på nokre få tusne auka til over 50 000 om sommaren.
Etter at Lenin i 1917 erklærte Finland som suveren stat, var byen den sørlegaste i den unge republikken. I den finsk-sovjetiske vinterkrigen i 1939/40 vart Terijoki erobra av den raude armeen og byen vart sete for ein stalinistisk finsk marionett-regjering under Otto Ville Kuusinen. I 1944 vart byen endeleg lagt under Sovjetunionen. Etter den andre verdskrigen vart den opphavlege finske folkesetnaden i Terijoki evakuert og erstatta av russarar og andre folk frå Sovjetunionen.
I 1946 fekk Terijoki bystatus og i 1948 vart namnet endra til Zelenogorsk.
Økonomi og næringsliv Zelenogorsk er i dag ein av dei største helse/rekreasjonsstadane i Sankt Petersburg-regionen. Byen og området rundt har mange kurbad, rekreasjonssenter og sommerleirar for barn. Byen har ingen viktige industriar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff