Kurtsjatov (russisk Курча́тов) er ein by i Kursk oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sejm, rundt 40 km vest for Kursk.
Kurtsjatov vart grunnlagd i 1968 i samband med bygginga av Kursk kjernekraftverk. Han fekk bystatus i 1983. Byen er kalla opp etter den sovjetiske fysikaren Igor Kurtsjatov.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Kurtsjatov (Russland)» frå , den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968