Tarko-Sale (russisk Та́рко-Сале́) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Pjakupur, 4 km før samløpet med sideelva Ajvasedapur, rundt 550 km søraust for Salekhard.
Busetnaden vart grunnlagd i 1932 og han er dermed ein av dei eldste byane i regionen. Han fekk status som urbanliknande busetnad i 1976 og bystatus 23. mars 2004. Bynamnet kjem av det nenetsiske Talka-Salja, som tyder «busetnaden mellom elvane».
Hovudnæringa i Tarko-Sale er utvinning og handsaming av naturgass. Fleire gasselskap ligg i byen, mellom anna ei avdeling av Novatek og den viktigaste verksemda i byen er Purneftegazgeologija
Det ligg eit lokalhistorisk museum i byen.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Tarko-Sale» frå , den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1932