Vukovarska ada er ei øy i Donau i Kroatia nær byen Vukovar.
Medan Jugoslavia eksisterte var øya ein del av Sosialistrepublikken Kroatia. I den kroatiske sjølvstendekrigen okkuperte den jugoslaviske folkearmeen og serbiske paramilitære styrkar øya. I 1991 vart Kroatia sjølvstendig og Badinter-komiteen avgjorde at grensene mellom republikkane i Jugoslavia skulle verte grensa mellom landa, men øya og områda aust i Kroatia var under serbisk kontroll på denne tida.
Etter fredsavtalen i 1998 vart dei austlege områda i Kroatia frigjeve, men øya Vukovar vart verande under serbisk okkupasjon. Ein liknande situasjon oppstod ved Šarengradøya.
I 2004 trekte Serbia hæren sin tilbake frå øya.http://www.skdprosvjeta.com/news.php?id=388, men kroatar har enno ikkje høve til å vitje øya. Ein del av fredsavtalane sa at Kroatia skulle kontrollere den vestlege breidda av Donau og Serbia den austlege breidda Kart over øya. Serbia meiner derimot at avgjersla til Badinter-komiteen ikkje gjeld, og at Vukovarøya bør verte ein del av Serbia, sidan ho ligg nærare den serbiske breidda enn den kroatiske. Serbian godtar ikkje avgjersla til Badinter-komiteen. Kroatia meiner at avgjersla til Badinter-komiteen er endeleg og at øya høyrer til Kroatia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Island of Vukovar» frå , den 7. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Donau Kategori:Øyar i Kroatia Kategori:Øyar i Serbia Kategori:Omstridde øyar Kategori:Omstridde område i Kroatia Kategori:Omstridde område i Serbia Kategori:Den kroatisk-serbiske grensa