Fiksdal kyrkje er ei langkyrkje i Fiksdal i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1866 og bygd i gotisk stil Ho er bygd i treverk (tømmer) av byggmeister Gjert Lien, Nordfjord. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan. Ho blei restaurert i 1966 til 100-årsminne. Restaureringa vart leia av konservator Ola Seter. Kyrkja har 200 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Altartavla frå 1716 og preikestolen frå 1718 kom opphavleg frå kapellet ved Reknes hospital i Molde. I 1960 fekk kyrkja nytt pipeorgel. Tidlegare stod det eit eldre orgel i kyrkja frå 1923.Bygdene våre gjennom tidene. 1982. (om Fiksdal (Vestnes))

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Vestnes Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Norske kyrkjer frå 1866 Kategori:Kulturminne i Vestnes