«While My Guitar Gently Weeps» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Songen vart skriven av George Harrison, som opphavleg komponerte han på akustisk gitar og ein mellotron. Eric Clapton spelte sologitar på songen med ein Gibson Les Paul.

Songen er rangert på 136. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.Rocklist Music Songen vart òg plassert på sjuande plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane nokon gong.

Komposisjon og innspeling I følgje Harrison kom inspirasjonen til «While My Guitar Gently Weeps» etter at han las den kinesiske boka I Ching som, slik han sa, «verka for meg å vere basert på eit austleg konsept om at alle ting er relativt til alt anna, i motsetnad til det vestlege synet om at ting berre er tilfeldige.»

Harrison tok med seg denne tanken til foreldra sin heimstad i Nord-England og skreiv her ein song basert på dei første orda han såg då han opna ei tilfeldig bok. Dei første orda var «gently weeps» og med desse starta han å skrive songen.

Songen vart møtt med lita til inga interesse frå dei andre Beatles-medlemmane. Nedslått, men ikkje utslått inviterte Harrison venen Eric Clapton til å delta på ei innspeling. Clapton var tvilande, «ingen (utanforståande) spelar nokon gong på ei Beatles-plate!», men Harrison overtalte han. Å ha Clapton med seg tydde to ting for Harrison; eit kort avbrekk frå den interne kranglinga i bandet og ein sjanse for han å fri seg frå å spele førstegitar og heller konsentrere seg om vokal og rytmegitar. Songen har seinare òg vorte spelt av Clapton, Jeff Healey, Peter Frampton og Spinshank.

Det har vore diskutert om det verkeleg er Clapton som står bak den kjende soloen i «While My Guitar Gently Weeps». Nokre rykte vil ha det til at soloen vart spelt inn på ny og at det ikkje var Clapton-versjonen som kom med på albumet. Harrison sjølv har lagt desse rykta døde: «Så Eric spelte han og eg syntest det var skikkeleg bra. Då vi høyrte på lydbanda etterpå sa han, 'ah, det er eit problem, soloen er ikkje 'beatlesk' nok!' Så vi køyrde han gjennom ADT-en for å 'wobble' han opp litt …»

Medverkande I følgje Ian MacDonald, Walter Everett og John Winn:

White Album-versjonen George Harrison – vokal, korvokal, akustisk gitar, Hammondorgel John Lennon – elektrisk gitar med tremolo Paul McCartney – harmonivokal, piano, bassgitar Ringo Starr – trommer, tamburin, kastanjettar Eric Clapton – sologitar

Anthology 3-versjonen George Harrison – vokal, akustisk gitar Paul McCartney – orgel

Bakgrunnsstoff Tekst

Kjelder Denne artikkelen bygger på «While My Guitar Gently Weeps» frå , og «While My Guitar Gently Weeps» frå den 8. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar skrivne av George Harrison Kategori:Songar produserte av George Martin 136 Kategori:Apple Records-singlar Kategori:George Harrison-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Jeff Healey-songar Kategori:Phish-songar Kategori:Toto-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Todd Rundgren-songar Kategori:Peter Frampton-songar Kategori:Paul Carrack-songar Kategori:Santana-songar Kategori:Charlie Byrd-songar Kategori:Rick Wakeman-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:Greg Lake-songar Kategori:Songar om gråting