Abbey Road er det ellevte offisielle albumet av The Beatles. Innspelinga av Abbey Road starta i april 1969 og songane vart dei siste bandet spelte inn i lag, sjølv om Let it Be vart det siste albumet før bandet løyste seg opp i 1970. Abbey Road kom ut 26. september 1969. Det var produsert og instrumentert av George Martin for Apple Records. Geoff Emerick av lydteknikar, Alan Parsons assisterande lydteknikar og Tony Banks var bandoperatør. Albumet vert rekna som det best samansette albumet til The Beatles, sjølv om bandet nesten ikkje fungerte som eit band. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 14. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Opphav Etter den nesten katastrofale innspelinga til det planlagde albumet Get Back (seinare kalla Let It Be), foreslo Paul McCartney for George Martin at gruppa skulle prøve å lage nok eit album «slikt dei brukte å gjere det» utan konfliktane som starta under innspelinga av The White Album. Martin sa seg einig, men sette som vilkår at albumet måtte lagast på denne måten. Bandet har seinare sagt at dei var klar over at dette mest truleg kom til å verte det siste dei gjorde i lag, og ville «gå ut med flagget til topps».
Med Let It Be-albumet delvis ferdig, starta innspelinga av Abbey Road i april 1969, etter at singelen «Ballad of John and Yoko»/«Old Brown Shoe» var ferdig. Det meste av albumet vart spelt inn mellom 2. juli og 1. august 1969. Etter at albumet vart ferdig og gjeve ut, vart Get Back/Let It Be-prosjektet miksa på nytt. Det vart spelt inn noko nytt til albumet, men det meste av Let It Be vart gjort før Abbey Road. I september 1969, kort tid før albumet kom ut, starta John Lennon bandet Plastic Ono Band, det første verkelege teiknet på at The Beatles var i ferd med gå frå kvarandre.
Dei to albumsidene har ganske forskjellige karakter. Side ein er ei samling av enkelte spor, medan side to består av ei lang rekkje komposisjonar, mange av dei relativt korte og dei glir over i kvarandre. Hovudårsaka til dette stykket var å få nytta seg av dei mange uferdige, korte songane til Lennon og McCartney, som bandet hadde liggande.
Suksess Abbey Road vart eit av dei mest suksessrike albuma til Beatles nokon gong. I Storbritannia gjekk albumet direkte inn på førsteplassen, der det låg i heile 11 veker. Det vart så skubba ned til andreplassen av Rolling Stones og albumet deira Let It Bleed, som debuterte på førsteplassen, før Abbey Road veka etter, som var veka før jul, igjen gjekk til topps, der det vart liggande i seks veker til, totalt 17 veker på førsteplassen. Totalt låg det 92 veker på Topp 75 i Storbritannia, ein del av desse vekene i 1987 då albumet kom på CD første gong. I heimlandet var Abbey Road det bestseljande albumet i 1969 og det fjerde bestseljande gjennom heile 60-åra, samt det åttande bestseljande i heile 70-åra.
I USA klarte albumet ein liknande prestasjon. Tredje veka på lista gjekk det til topps, der det vart liggande i 11 veker. Totalt låg Abbey Road 129 veker på Billboard 200. I USA var albumet det fjerde mest selde i 1970-åra.
I Noreg vart albumet ein formidabel sukess og låg heile 21 veker samanhengande på førsteplassen.
Produksjon Abbey Road var det einaste Beatles-albumet som hovudsakleg vart spelt inn på ein åttesporsopptakar, i staden for ein firesporsopptakar som dei førre Beatles-albuma. Dette kan særleg merkast i at trommene er betre miksa. EMI hadde ikkje godkjend bruken av åttesporsopptakaren sin enno, og det er årsaka til at albumet er spelt inn i tre forskjellige studio (Trident, Olympic og Abbey Road), noko som Beatles ikkje gjorde til vanleg. Moog synthesizer er eit dominerande instrument på albumet, som i mellomspelet på «Because», samt «Maxwell’s Silver Hammer» og «Here Comes the Sun». Harrison hadde teke albumet med seg tilbake frå Los Angeles der han først vart introdusert for instrumentet.
Ein av lydteknikarane på albumet var den då ukjende Alan Parsons. Han skulle seinare verte lydteknikar på Pink Floyd-meisterverket, The Dark Side of the Moon og produsere mange album på eiga hand med The Alan Parsons Project.
Omslaget mini|Gangfeltet der biletet til det kjende omslaget vart teke Omslaget vart gjort av Apple Records kreative direktør Kosh. Det kjende biletet på albumet vart teken av fotograf Iain Macmillan. Macmillan fekk berre ti minuttar rundt 11:30 på føremiddagen til å ta biletet. Biletet har sidan vorte eit av dei mest kjende og etterlikna albumomslaga i platehistoria. Mannen som står i bakgrunnen er Paul Cole (1911–2008)TCPalm: Paul Cole, man on Beatles' 'Abbey Road' cover, dies) ein amerikansk turist som ikkje var klar over at han vart fotografert før han såg albumet fleire månader seinare.The Abbey Road Album CoverLife on the cover of Abbey Road: ABC Adelaide Gangfeltet er i dag ein populær attraksjon for mange Beatles-tilhengjarar.
Folkevogna Folkevogna som står parkert ved gangfeltet høyrte til ein som budde i ei leilegheit nær studioet. Etter at albumet kom ut vart nummerskiltet fleire gonger stolen frå bilen. I 1986 vart bilen seld på ein auksjon for $23 000 og er i dag på utstilling i Volkswagen-museumet i Wolfsburg i Tyskland.
Ettermæle I 1997 vart Abbey Road kalla det 12. største albumet gjennom tidene i ei «Music of the Millennium»-undersøking gjort av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM; han fekk same plass i 1998 på ei tilsvarande liste av lesarane til musikkmagasinet Q. I 2000 hamna albumet på 17. plass på lista over dei 100 beste britiske albuma i Q. I 2001 plasserte VH1 albumet på 8. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene, og i 2003 vart det kalla det 14. beste albumet gjennom tidene av Rolling Stone. I 2006 var albumet eitt av dei 100 beste albuma nokon gong i Time Magazine.
Innhald
Merknad «Her Majesty» finst som eit løynd spor. Mellom «The End» og «Her Majesty» er det 14 sekund med stille. På seinare utgåver av albumet står songen oppført som ein del av sporlista. På somme kassettutgåver hadde «Come Together» og «Here Comes the Sun» byta plass. Spor 9 til 16 er stundom omtalt som ein song (potpurri) kalla «The Abbey Road Medley». Spor 14 til 16 vert stundom omtalt som ein song kalla «The Golden Slumbers Medley».
Medverkande I følgje Mark Lewisohn, Ian MacDonald og Barry Miles.
The Beatles John Lennon – solo-, harmoni- og korvokal; rytme- og sologitar, akustisk gitar; akustisk og elektrisk piano, Hammondorgel og Moog synthesizer; kvit støy-generator og lydeffektar; perkusjon Paul McCartney – solo-, harmoni- og korvokal; bass, rytme- og sologitar, akustisk gitar; akustisk og elektrisk piano, Hammondorgel og Moog synthesizer; lydeffektar; vindspel, klapping og perkusjon George Harrison – harmoni- og korvokal; solo- og rytmegitar, akustisk gitar; bass på «Maxwell's Silver Hammer» og «Golden Slumbers/Carry That Weight»; Hammondorgel, harmonium og Moog synthesizer; klapping og perkusjon; solovokal (på «Something» og «Here Comes the Sun») Ringo Starr – trommer og perkusjon; ambolt på «Maxwell's Silver Hammer»; korvokal; solovokal (på «Octopus's Garden»)
Andre musikarar George Martin – piano, cembalo, orgel og harmonium; perkusjon Billy Preston – Hammondorgel (på «Something» og «I Want You (She's So Heavy)»)
Produksjon «Something» og «Here Comes the Sun» orkestrert og dirigert av George Martin (med George Harrison) «Golden Slumbers», «Carry That Weight» og «The End» orkestrert og dirigert av George Martin (med Paul McCartney) Produsert av George Martin (med The Beatles) Lydteknikar var Geoff Emerick og Phil McDonald Assisterande lydteknikar var Alan Parsons Miksa av Geoff Emerick, Phil McDonald og George Martin (med The Beatles) Moog-programmering av Mike Vickers
Salslister
Vekeslister
Originalutgåve ListePlasseringAustralian Kent Music Report Chart1Kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista1Japanske Oricon-lista3Norske VG-lista1Den svenske albumlista1Den spanske albumlista1UK Albums Chart1US Billboard Top LPs1Vesttyske Media Control-lista1 1987-utgåva ListePlasseringDen japanske albumlista6UK Albums Chart30
2009 reissue ListePlasseringDen australske albumlista12Den austerrikske albumlista36Den belgiske albumlista (Flandern)20Den belgiske albumlista (Vallonia)28Den danske albumlista18Den finske albumlista12Den tyske albumlista41Den italienske albumlista7Den japanske albumlista12Den mexicanske albumlista8Den portugisiske albumlista4Den spanske albumlista13Den svenske albumlista6Den sveitsiske albumlista28Den newzealandske albumlista8UK Albums Chart6US Billboard Comprehensive Albums3
Årslister Liste (1969)PlasseringDen australske albumlista3UK Albums Chart1Liste (1970)PlasseringDen australske albumlista7UK Albums Chart7US Billboard Pop Albums4Liste (2009)PlasseringDen italienske albumlista147
Tiårsliste Liste (1960-åra)PlasseringUK Albums Chart4Liste (1970-åra)PlasseringDen japanske albumlista22
Salstrofé
Bakgrunnsstoff Oversyn over Abbey Road Beatles kommenterer kvart spor Innspelingsinformasjon Galleri av forskjellige parodiar på omslaget til albumet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Abbey Road (album)» frå , den 10. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Apple Records-album Kategori:The Beatles-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Musikkalbum produserte av George Martin Kategori:Album produserte av Chris Thomas Kategori:Musikkalbum produserte av George Harrison Kategori:Musikkalbum produserte av John Lennon Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Musikkalbum produserte av Ringo Starr 014 005 Kategori:Album på toppen av VG-lista Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i Spania Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Plateomslag av John Kosh