«Oh! Darling» er ein song av The Beatles som vart gjeven ut i 1969 på albumet Abbey Road. Songen er skriven av av Paul McCartney, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.
Songen er kanskje den sterkaste vokalprestasjonen til McCartney både før og etter The Beatles, skjønt «Helter Skelter» og «Golden Slumbers» viser noko av det same. Opptaka til songen vart gjort tidleg om morgonen der stemma var på sitt mest rustne. Det er sakte og tung blues med progresjon til taktomslaget. Songen er bygd på ein klassisk modell med to vers og overgangsvers, gjentaking av same modell, og som ein kuriositet finst det ingen eigne introduksjon- eller avsluttingsparti.
Songen omhandlar det klassiske temaet «hjerte-smerte», om forhold der den eine ikkje ønskjer at den andre skal forlate forholdet. Arbeidstittelen på «Oh! Darling» var «I'll Never Do You No Harm» som kjem fram i første vers:
Oh! darling, please believe me I'll never do you no harm Believe me when I tell you I'll never do you no harm
Medverkande Paul McCartney – solo- og korvokal, bass John Lennon – korvokal, piano, elektrisk gitar (på Anthology 3-versjonen) George Harrison – korvokal, elektrisk gitar Ringo Starr – trommer Billy Preston – Fender Rhodes (på Anthology 3-versjonen). Personell per Ian MacDonald
Bakgrunnsstoff «Oh! Darling» -- teksten Alan W. Pollack om «Oh! Darling»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oh! Darling» frå , den 11. februar 2009.
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Robin Gibb-songar Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar om kvinner Kategori:George Benson-songar Kategori:Huey Lewis-songar Kategori:Florence + The Machine-songar Kategori:Roberta Flack-songar