Anne-Marie Ørbeck () var ein norsk komponist og pianist.
Ho studerte piano i Oslo og Berlin hos Sandra Droucker. Ho har òg studerte hos Gustav Lange, Mark Lothar, Paul Höffer, Nadia Boulanger, Hanns Jelinek og Darius Milhaud. Ørbeck debuterte som pianist i Oslo i 1933 med Filharmonisk Selskabs Orkester. Sidan 1940 budde ho i Bergen.
Ørbeck komnerte særleg mykje vokalmusikk. Songsyklusen Vonir i blømetid var ein prisvinnar i ein konkurranse arrangert av Norsk Komponistforenings komposisjonskonkurranse i 1942. I tillegg har ho skrive songar med orkester, kor og salmar. Som pianist har ho komponert ein sonatine i tre satsar og fem kadensar til klaverkonsertar av Haydn og Mozart.
Ho har vorte mest kjend for orkesterverka sine. Ein concerttino for klaver og orkester hadde urpremiere i Berlin i 1938 med Herman Stange som dirigent, der ho sjølv var solist. Under den andre verdskrigen komponerte ho ein symfoni som vart urframført av Harmonien i 1954 med Carl von Garaguly som dirigent. Dette er eit av hennar mest spelte verk i lag med «Pastorale og Allegro» for fløyte og strykarar.
Kjelder
Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske pianistar Kategori:Musikarar frå Oslo